Torgrim Log, professor i branntryggleik ved Høgskulen Stord/Haugesund, etterlyser ei nasjonal varslingsteneste som åtvarar når klimaet blir «brannfarleg».
Sjølv har han funne opp eit instrument som gjer nettopp dette.
– Trestykke lettar når det tørkar, og ser at det er tørt og brannfarleg, fortel Loge medan han demonstrerer oppfinninga.
Vestlandet var trua
Det har gått over halvtanna år sidan den dramatiske brannen i Lærdal. Før brannen var bygda gjennom ein lang tørkeperiode og dagar med kraftig vind. Få tenkte at kald og tørr luft, saman med kraftig vind og straum/vedfyring, tørka ut treverket på husa.
Makteslause innbyggjarar såg flammane sluke 40 bygningar. Log meiner kvart eit byggjefelt på Vestlandet var i fare i januar 2014.
– Spesielt utsett var eldre busetnader som Skudeneshavn, gamlebyen i Stavanger og Bryggen i Bergen, der husa er bygd tettare, seier han.
Fyrer ekstra om vinteren
Professoren meiner brannen i Lærdal kunne blitt stogga tidlegare, om det farefulle klimaet vart varsla.
Sjølv om han har oppfinninga, meiner han Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap må overvake og varsle brannvesenet om slik brannfare.
– År om anna har ein situasjonar der det er ekstreme vêrforhold. Då må ein følgje med om brannrisikoen endrar seg, slik den gjorde i Lærdal, seier han.
Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), kjenner seg att i vurderingane til Log.
– Vi er på det mest sårbare om vinteren. Folk fyret mykje for å halde varmen. Det tørkar veldig opp treverket, seier han.
– Må tenkje nytt
Sjølv om vêrmeldingane er blitt sikrare med åra, har ordføraren trua på oppfinninga til Log. Han seier seg også samd i ein må tenkje nytt for å åtvare mot ekstreme klimatiske situasjonar. Slik som i januar 2014.
– I gamledagar hadde ein beredskap, med fyringsforbod og open eld. Dei gjekk brannvakter i gatene og fordelte vaktene seg imellom. Dei innretta seg på sin måte for å handtere brannfaren. Den beredskapen har vi mista på vegen, seier han.
Samstundes åtvarar han mot ei «ulv-ulv»-teneste.
– Det er det som er skummelt med varslingar, at det blir varsla for ofte og det ikkje skjer noko. Ein må finne den balansen, seier han.